Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

mandag 26. mars 2012

26 MARS - Kinorommet er halvferdig, og badet på loftet er no klar til flislegging


Badet på loftet

På kinorommet er no vegg-til-vegg teppet lagt på plass. Vi fekk også brukt noko av "Stone-wall" som vi hadde igjen. Parketten vi har lagt er siste rest av parketten som vi har lagt i resten av huset ( Tarkett Eik Breiblank). Stolane er no på plass. Vi har fortsatt igjen å male vindua/vinduskarmane, og det viktigaste er selfølgeleg ikkje på plass enda: Prosjektor og lerret.
Malermester Stein Ove Lande har lagt "membranbelegget" Tarko Dry Floor lagt på golvet. Alle veggane på badet på loftet har Tetti våtromsplater og skøytane er smurt vått i vått med membran og remse. I tillegg er sonene som kan bli utsatt for vatn, forsterka rikeleg med membran. Flisene er bestilt og levert. Vi velger å bruke samme flisene som på hovedbadet i første etasje. På golvet legg vi Nero Acapulco 30 x 60 ( Casalgrande Padana), i fallsonen legg vi Nero Acapulco 10 x 10. På to av veggane legg vi samme flisa som på golvet, mens på dei resterande to veggane legg vi Pasta Blanca White Body 20 x 60 (Azteca Ceramica). Badet er no klart til flislegging, og forventes ferdig etter påske.

fredag 23. mars 2012

Bestilt nytt dørskilt

Vi har idag bestilt nytt oppdatert dørskilt i akryl fra Skiltmax. http://www.skiltmax.no/skilt/dørskilt

Vi kjøpte skilt hos dem høsten 2011, kanonbra kvalitet og utseende. Men pga flere i huset må vi få tak i nytt skilt med flere navn på. Vi ønskte å få tak i nytt skilt i samme størrelse med samme avstand mellom festehullene. Dette klarte gutta på Skiltmax helt fint, så nå er nytt skilt på vei.


Her er bilde av det gamle skiltet:









De har mange design å velge blant, men dette var det vi falt for.

Se http://www.skiltmax.no for andre varianter av skilt

mandag 5. mars 2012

5 MARS - Kinorom ferdig sparkla, pussa og nesten ferdig malt



Endeleg vart spottane framfor huset ferdig
















Sidan siste oppdatering i slutten av januar, har endeleg kinorommet begynt å forandre seg:)


Vi leigde inn ein malarmester; Harald Haugen frå Larsnes for å sparkle og pusse veggane og taket. Malinga har vi sjølv stått for. Har brukt Jotuns Jotaproff silkematt, elegant (S7502-Y 1434) mørk koksgrå, på alle veggane og taket. I tillegg blir det eit strøk med Jotuns Lady Pure Color supermatt, dempet sort (S8500-N 9938) på den veggen som lerretet skal vere.


(vindua og vinduskarmane skal også malast, men har ikkje komt so longt enda)


Amfiet og parketten er allereide komt på plass på kinorommet.


I tillegg har endeleg spottane våra framfor huset blitt ferdige, dei var egentleg ferdige før jul, men pga feil har dei ikkje virka. Men når elektrikaren endeleg kom, vart det lys igjen. (No når det går mot lysare tider)

fredag 27. januar 2012

29 JANUAR - Kinorom/treningsrom og litt arbeid på loftet

Badet på loftet slik det såg ut i juni 2011 Badet i dag

Sensio






Litt oppgradering på loftsstova/gjesterommet








Kinorommet/treningsrom


Då har vi starta litt med kinorommet, den eine veggen som stod att er no isolert og kledt igjen med OSB-plater og gips. I tillegg er heile rommet gipsa 1 omgang til. I påvente av å få sparkla, pussa og malt rommet, er det foreløpig eit treningsrom med ein tv på plass ( Ein 59" Samsung Plasma)Vi håpa etterkvart å ha rommet som kombinert kino- og treningsrom. Vi har tilsammen kjøpt 3 stk. Merida spinningssykler.

På tv-stova på loftet som er eit kombinert gjesterom, har vi fått hengt opp nokre gardiner mellom sofagruppa og senga, for å gjere det litt meir koseleg for våre gjestar, også her er ein tv på plass :) (Grundig 55" LED med innebygd satelitt-tuner) Ein skal vel ha det godt når ein først er ute og reiser?


Både på I-Phone og I-Padane våra har vi applikasjon for lysstyringa i huset; Sensio sitt system. Her kan vi slå på og av alle lysa i huset, same kar i huset vi er og same kar i verden vi er (so lenge vi har internett når vi er utanfor husets fire veggar)


Vi har vel også begynt litt på badet på loftet, men foreløpig har vi gått meir bakover enn framover. Vi har skrudd ned membranplatene på veggane, fordi vi vil ha TarkoDry Floor på golvet (belegget som vi også la på vaskerommet og eine badet i 1. etasje, innlegg juni/juli 2011) Dette skal da gå litt oppetter veggane bak membranplatene (Vi har på dette rommet brukt Tetti membranplater, men det finnes mange sorter; Litex, Bac, Maxit, Wedi og sikkert fleire) .


Hadde vi vore klar over kor enkelt TarkoDry Floor systemet var når vi starta med huset hadde både vegga og golv på alle bad bestått av det systemet. Systemet er mykje enklare og sikrare enn membranplater.

lørdag 7. januar 2012

07 JANUAR 2012! Godt Nyttår!

Ny sofa på loftet


Sofaen som opprinneleg stod på loftet er flytta ned.
Treng ikkje kunst på veggen, det tar lampa seg av:)


Styringspanel for steam-dusjen

Godt nyttår til alle våre lesara!
Det har no gått ei stund sida siste oppdatering, men i og med at huset er ganske ferdig, er det vel grenser for kva eg kan drive å legge ut :) Men viss du legg deg til som følger eller legg inn e-post adressa di (på høgresida) so får du beskjed når det blir oppdatert!


I desember var elektrikarane på plass ein tur og ordna litt småtterier her og der som hadde hopa seg litt opp. Steam-aggregatet vart ferdig installert, og gjett om det er godt å ta seg ein steam-dusj! Holet i veggen oppom do, der som steam-aggregatet er, er no lukka med ei heilt alminneleg eike benkeplate:)


I og med at me skulle feire jul i huset med familie, flytta me ned den store sofaen frå loftet. Vart egentleg so fornøgde med å ha den nede, at no er den der permanent. Har derfor kjøpt ein liknande sofa til loftet igjen.


Det tok ei stund før me fekk hengt opp lampa ved siden av trappa, her er takhøgda 5.20m. Me bestilte ein lang stige, men det tok si tid. Men no er iallefall lampa på plass.