Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

lørdag 27. november 2010

26 NOVEMBER - Duk, vindskeide og levert tak





Denne veka vart resten av taket også kledd med duk og lekta ferdig. Vindskeide både framme og bak vart lagt på. Og torsdagen kom taket, ISOLA Powertekk ,400kvm. Taket vart løfta på plass av Retura som kom med stor kran. Taket vart so vidt påbegynt.

søndag 21. november 2010

19 NOVEMBER - Duk på taket












Denne veka vart det lagt same membran på baksida av huset som på framsida (over asfaltplatene). Taket på eine sida vart påbegynt og avslutta med duk og lekter, og halvparten av forskalingane til støttemuren vart heist vidare til neste trinn.


søndag 14. november 2010

14 NOVEMBER - Pål har bursdag!!

Gratulere so mykje med dagen kjære. Heldige du, både farsdag og bursdag samtidig;)
Neste bursadgen din blir i huset vårt!!!

12 NOVEMBER - Flytting av vindua, meir asfaltplater









Oppsummering denne veka: Sperrene i framkant på huset vart fordelt på plass (vart krana opp attmed alle andre, men fordelt utover no).
Sperrene vart stiva av nederst med eit vannbord. I denne skal også takduken festast.
Huset vart heilt dekt med asfaltplater også framme. Alle vindua og terrassedørene vart flytta opp til huset.
Utapå asfaltplatene i framkant på huset, vart det lagt ut ein membran for å gjere huset tett, deretter vart det lekta ut. Og på lektene blir kun liggande, ferdig grunna bordkledning.

tirsdag 9. november 2010

8 NOVEMBER - Vindua kom

Idag kom alle vindua, samt 2 terrassedører:
15 stk 11x12
1 stk 10x12 (til vaskerommet ved sidan av døra ut)
1 stk 16x8 ( til vårt soverom, vegg mot aust)
2 stk 7x7 ( dei to små oppe i bakkant)
1 stk 10x16 ( skulle vere oppe i framkant på huset ved siden av terrassedøra, men me he endra litt planar underveis og dette vinduet skal erstattast med ei terrassedør, slik at det blir 2 stk. oppe)
1 stk dobbel terrassedør
1 stk enkel terrassedør
8 stk vindu til karnappa ( 4 til kvar)
2 stk store trekantvindu til loftet i framkant.

Alle vindua er 3-lags.

5 NOVEMBER - denne veka vart veggane dekt med asfaltplater







Då kom vinteren igjen..... Men no kjeme også kulda........
Denne veka vart asfaltplater lagt på på ytterveggane i andre etasje. På baksida ser ein no alle vindusåpningane!
I tillegg vart halve støttemuren ved siden av huset forskala ferdig og støypt!