Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

lørdag 25. desember 2010

25 DESEMBER - Julehelsing


Vil ønske dokke alle ei vidare GOD JUL & eit fantastisk GODT NYTTÅR!

Vil takke alle som har fulgt med på byggebloggen, har etterkvart forstått at det er ein del:)

Og håpar at alle vil fortsette å fylgje med framover!

Håpar at det nye året byr på gode minner og monge flotte sjansar for alle i hop.


Sigve, Pål & Monica

22 DESEMBER - Raftekassene og 2.karnappet er påbegynt





Før jula sette inn vart det andre karnappet påbegynt, samt raftekassa på eine sida av huset.

tirsdag 21. desember 2010

17 DESEMBER - Fleire vindu på plass


Loftet. Her blir utsikt opp mot natur og fjell (Vallahornet, Nupatippen) .
Loftet. Med 2 utgangar til altan.
Her ser me sovidt glasa på baksida. Mykje snøv og stillas hindrar sikta.



Når denne veka var omme, var alle vindua i 2. etasje samt eine karnappet ferdig! På loftet manglar endå ei terrassedør (fordi vi ombestemte oss midt i prosessen)

Snøven har lagt ned enorme massar. Huset viser nesten ikkje igjen :)

torsdag 16. desember 2010

16 DESEMBER - Huset er tømt for is og vatn, karnappa er påbegynt





Heile helga og mandag og tirsdagen i denne veka gjekk med til å tøme huset for snø,is og vatn. No er alt på utsida av huset.

Mandag begynte snikkarane på karnappa.

Me tenkte me skulle reise tidleg idag til Oslo og vere der heile helga, men flya var kansellerte pga av heftig snøvêr, men på ettermiddagen idag håpa me at me kjeme oss av gårde. Synst sjølv me fortjente ei frihelg:)

søndag 12. desember 2010

12 DESEMBER - Start av fjerning av is og snø i 1.etasje

Rommet i enden er vaskerommet, og vart idag fri for snø og is.



Her står vår nyinnkjøpte dieselvarmar på 51 kw, kjøpt hos Sjøholt Maskin. Mykje snø og is som skal fjernast. Men vart idag ferdig med vaskerommet.

11 DESEMBER - Tining og fjerning av snø og is innvendig









Sidan vindua er komt på plass og dieselvarmaren står og går på dagtid, har me fått begynt å tine isen som ligg her og der i huset. Først he me skrapa og løyst isen, og deretter brukt spade og kasta snøven ut der han høyrer heime. Har idag tatt for oss loftet. Når all is og snø var kasta ut, fekk me suge opp vatnet med vår nyinnkjøpte våt- og tørrstøvsugar av merket Foma, 3600W (3x1200W) kjøpt hos Auto Elektro i Kristiansund. Når 3 stk.(Pappa, Pål og meg) gjekk i gang so gjekk det raskt å fjerne loftet for is og snø.

10 DESEMBER - Vindua i 1.etasje er på plass





Denne veka vart vindua i 1.etasje satt inn, bortsett frå karnappa i framkant. Vindua er ferdiglakkert brune på utsida, mens dei er kvite på innsida. Leverandør er Lyssand.
I tillegg var Opsal Betong her og støypte resten av støttemuren, so no er den ferdig, manglar kun å plukke ned forskalingane.

søndag 5. desember 2010

3 DESEMBER - Taket er ferdig lagt!



Ser ein godt etter so ser ein takstigen.



I løpet av veka har heile taket blitt lagt ferdig. He dessverre ikkje so monge bilder av det, fordi det er mørkt når eg endeleg kjem heimatt frå jobb, og i helga kom snøven selfølgeleg. (Etter ei looonge periode med gnalljefrost, ca -15 grader).
Nokre av takrennene er også begynt å kome på plass.

lørdag 27. november 2010

26 NOVEMBER - Duk, vindskeide og levert tak





Denne veka vart resten av taket også kledd med duk og lekta ferdig. Vindskeide både framme og bak vart lagt på. Og torsdagen kom taket, ISOLA Powertekk ,400kvm. Taket vart løfta på plass av Retura som kom med stor kran. Taket vart so vidt påbegynt.

søndag 21. november 2010

19 NOVEMBER - Duk på taket












Denne veka vart det lagt same membran på baksida av huset som på framsida (over asfaltplatene). Taket på eine sida vart påbegynt og avslutta med duk og lekter, og halvparten av forskalingane til støttemuren vart heist vidare til neste trinn.