Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

søndag 27. februar 2011

27 FEBRUAR - Helg, Plassering av takboksar og el.punkt.


Badet vårt.
Stova
Del av kjøkkenet.
Her blir spisestua.

Over spisestua.
Kjøkkenet.
Boksene til spotane blir levert flatpakka, og kan veldig enkelt brettast til.
Det vart montert opp takboksar i 1. etasjen ( det vart nokren boksar). I tillegg vart det trekt rør til 5 lyspunkt oppe på veggen på soverommet vårt.

25 FEBRUAR - Fortsetting med kledning, ferdig med isolering og lekting av innertak







Alt innertak vart ferdig isolert og lekta.
Baksida av huset vart kledt ferdig. Samt noke på taket til vaskerommet som stod att vart gjort ferdig denne veka.

søndag 20. februar 2011

20 FEBRUAR - Helg...lekting av vegg, vinduskarmar


Utsikt frå piltanen vår.

Søndagen vart ein liten avslapningsdag!


Vinduskarmane blir heilsparkla gips.



Begyndelsen på helga gjekk med på å lekte vidare ytterveggane, samt rundt vindua og terrassedøra. Fordi me fant ut midt opp i all bygginga at me ville ha heilsparkla vinduskarma istadenfor tradisjonell utforingar i tre. Og då måtte alle vindua lektast ut litt. Gipsen som då blir brukt er ein GU-gips. Den er impregnert i kjerna, men ikkje på pappen yst fordi den skal sparkles og males.( dersom den er impregnert på utsida også, vil ikkje sparkel og maling sitte).
Søndagen vart det ikkje gjort mykje arbeid, ein må kvile litt også!

18 FEBRUAR - Kledning på huset er påbegynt, lekting innvendig tak



Vårt soverom + gjestetoalett i enden




For å hindre musa i å kome inn på besøk.



Denne veka kom 2 arbeidarar til frå Byggmeister Arild Aarseth, dei begynte på kledninga på huset. Og vart i løpet ta veka ferdig med den delen som peikar sørover. Kledninga er ferdig grunna.

I mellomtida vart det meste av alt innvendig yttertak ferdig lekta ( lekene vart lagt på utsida av plasten, for då kan vi legge elektrikerrøra imellom lektene)

mandag 14. februar 2011

13 FEBRUAR - Helg, litt legging av rør, el.punkt, hems

Kassene til spottane på badet på loftet vart montert (4stk.)




I frå dette platået blir det mogleg å kome ned på hemsen og vidare ned til soverommet ned til venstre.


Her må det verkeleg tettast med skum o.l etterpå. Rør til tv-signal.

I helga var det på att igjen med jobb for oss også. Elektrikerrør vart lagt rundt om kring i huset og ut, for seinare å trekke gjennom for tv-signala.

Taket på badet i 1.etasje vart limt og skrua på plass. Dette blir ein hems for soverommet ved siden av.

11 FEBRUAR - Rørleggararbeidet er gjort for denne gang!




Badet på loftet, her blir plass til badekar.



Gjestetoalettet.

Her blir 2 vasker.




Det var fortsatt meir å isolere denne veka. Det er overgangen mellom tak og vegg som har blitt isolert desse dagane.

Tirsdag 8. februar kom rørleggarane frå Vinjevoll-Rør, fredagen var dei ferdig.

Då var det lagt opp rør til 2 enkeltståande dusjar + ei dusjnisje med 2 dusjhaud,1 badekar, 4 toalett, 8 vaskar ( 2 på kjøkken, 1 på vaskerom, og resten på bad og gjestetoalettet) og selfølgeleg til vaskemaskin, oppvaskmaskin, vatn til kjøleskap viss det skulle vere behov.

I tillegg vart det lagt ut til kraner på utsida av huset, ei med kun kaldt vatn og ei med både varmt og kaldt.