Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

lørdag 7. januar 2012

07 JANUAR 2012! Godt Nyttår!

Ny sofa på loftet


Sofaen som opprinneleg stod på loftet er flytta ned.
Treng ikkje kunst på veggen, det tar lampa seg av:)


Styringspanel for steam-dusjen

Godt nyttår til alle våre lesara!
Det har no gått ei stund sida siste oppdatering, men i og med at huset er ganske ferdig, er det vel grenser for kva eg kan drive å legge ut :) Men viss du legg deg til som følger eller legg inn e-post adressa di (på høgresida) so får du beskjed når det blir oppdatert!


I desember var elektrikarane på plass ein tur og ordna litt småtterier her og der som hadde hopa seg litt opp. Steam-aggregatet vart ferdig installert, og gjett om det er godt å ta seg ein steam-dusj! Holet i veggen oppom do, der som steam-aggregatet er, er no lukka med ei heilt alminneleg eike benkeplate:)


I og med at me skulle feire jul i huset med familie, flytta me ned den store sofaen frå loftet. Vart egentleg so fornøgde med å ha den nede, at no er den der permanent. Har derfor kjøpt ein liknande sofa til loftet igjen.


Det tok ei stund før me fekk hengt opp lampa ved siden av trappa, her er takhøgda 5.20m. Me bestilte ein lang stige, men det tok si tid. Men no er iallefall lampa på plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar