Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

fredag 25. november 2011

26 NOVEMBER - Litt meir er støypt og internett er komt












Det har stått igjen ein rest til støyping bak huset sida august i år. (inngangen til vaskerommet) Singling, planering og isoporen har vore på plass sida då, men det har faktisk ikkje vore vêr til å støype. Men no i november har det faktisk vore fleire dagar med opplett. Det var berre å få på armeringane so var det klart.


11. november kom Opsal Betong AS og støypte den resterande delen. Godt å få det gjort før vinteren.


I tillegg har vi fleire gongar fått avslag på internett med telenor, fordi dei har påstått at der ikkje er kapasitet på linjene til oss.
Heldigvis har vi vore i kontakt med montørar som hardnakka har påstått at selfølgeleg går det å få internett.

Og endeleg, 14. november fekk vi internett, etter 1 mnd uten.


Vi har 2 rom i huset som ikkje er skikkeleg påbegynt. Det eine er det sokalla kinorommet vårt, med inngang frå stova i 1 etasje. No har vi iallefall begynt å tøme dette rommet. For her har alt av verktøy, maling, isolasjon, fliser osv osv, vore lagra mens huset vart ferdig. Har ikkje heilt bestemt oss for korleis vi vil ha det. Men det er lettare å få ideane til å kome når ein står med eit tomt rom :)

2 kommentarer:

  1. Blitt et utrulig flott hjem :) Gøy å følge med. Hils til Pål Roger fra Skjervøy :)
    Klem Tove

    SvarSlett
  2. Hei Monica
    Vi er i startgropa med bygging av hus i Kvalvika på Hitra,og jeg må si jeg er inspirert av bloggen din - så jeg vurderer å blogge underveis ;)
    Kjempefint hus!Det ser ut som dere har god plass:)
    Hilsen Hege (storesøstra til Mari Røstvik)

    SvarSlett