Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

fredag 27. januar 2012

29 JANUAR - Kinorom/treningsrom og litt arbeid på loftet

Badet på loftet slik det såg ut i juni 2011 Badet i dag

Sensio






Litt oppgradering på loftsstova/gjesterommet








Kinorommet/treningsrom


Då har vi starta litt med kinorommet, den eine veggen som stod att er no isolert og kledt igjen med OSB-plater og gips. I tillegg er heile rommet gipsa 1 omgang til. I påvente av å få sparkla, pussa og malt rommet, er det foreløpig eit treningsrom med ein tv på plass ( Ein 59" Samsung Plasma)Vi håpa etterkvart å ha rommet som kombinert kino- og treningsrom. Vi har tilsammen kjøpt 3 stk. Merida spinningssykler.

På tv-stova på loftet som er eit kombinert gjesterom, har vi fått hengt opp nokre gardiner mellom sofagruppa og senga, for å gjere det litt meir koseleg for våre gjestar, også her er ein tv på plass :) (Grundig 55" LED med innebygd satelitt-tuner) Ein skal vel ha det godt når ein først er ute og reiser?


Både på I-Phone og I-Padane våra har vi applikasjon for lysstyringa i huset; Sensio sitt system. Her kan vi slå på og av alle lysa i huset, same kar i huset vi er og same kar i verden vi er (so lenge vi har internett når vi er utanfor husets fire veggar)


Vi har vel også begynt litt på badet på loftet, men foreløpig har vi gått meir bakover enn framover. Vi har skrudd ned membranplatene på veggane, fordi vi vil ha TarkoDry Floor på golvet (belegget som vi også la på vaskerommet og eine badet i 1. etasje, innlegg juni/juli 2011) Dette skal da gå litt oppetter veggane bak membranplatene (Vi har på dette rommet brukt Tetti membranplater, men det finnes mange sorter; Litex, Bac, Maxit, Wedi og sikkert fleire) .


Hadde vi vore klar over kor enkelt TarkoDry Floor systemet var når vi starta med huset hadde både vegga og golv på alle bad bestått av det systemet. Systemet er mykje enklare og sikrare enn membranplater.

lørdag 7. januar 2012

07 JANUAR 2012! Godt Nyttår!

Ny sofa på loftet


Sofaen som opprinneleg stod på loftet er flytta ned.
Treng ikkje kunst på veggen, det tar lampa seg av:)


Styringspanel for steam-dusjen

Godt nyttår til alle våre lesara!
Det har no gått ei stund sida siste oppdatering, men i og med at huset er ganske ferdig, er det vel grenser for kva eg kan drive å legge ut :) Men viss du legg deg til som følger eller legg inn e-post adressa di (på høgresida) so får du beskjed når det blir oppdatert!


I desember var elektrikarane på plass ein tur og ordna litt småtterier her og der som hadde hopa seg litt opp. Steam-aggregatet vart ferdig installert, og gjett om det er godt å ta seg ein steam-dusj! Holet i veggen oppom do, der som steam-aggregatet er, er no lukka med ei heilt alminneleg eike benkeplate:)


I og med at me skulle feire jul i huset med familie, flytta me ned den store sofaen frå loftet. Vart egentleg so fornøgde med å ha den nede, at no er den der permanent. Har derfor kjøpt ein liknande sofa til loftet igjen.


Det tok ei stund før me fekk hengt opp lampa ved siden av trappa, her er takhøgda 5.20m. Me bestilte ein lang stige, men det tok si tid. Men no er iallefall lampa på plass.

fredag 25. november 2011

26 NOVEMBER - Litt meir er støypt og internett er komt












Det har stått igjen ein rest til støyping bak huset sida august i år. (inngangen til vaskerommet) Singling, planering og isoporen har vore på plass sida då, men det har faktisk ikkje vore vêr til å støype. Men no i november har det faktisk vore fleire dagar med opplett. Det var berre å få på armeringane so var det klart.


11. november kom Opsal Betong AS og støypte den resterande delen. Godt å få det gjort før vinteren.


I tillegg har vi fleire gongar fått avslag på internett med telenor, fordi dei har påstått at der ikkje er kapasitet på linjene til oss.
Heldigvis har vi vore i kontakt med montørar som hardnakka har påstått at selfølgeleg går det å få internett.

Og endeleg, 14. november fekk vi internett, etter 1 mnd uten.


Vi har 2 rom i huset som ikkje er skikkeleg påbegynt. Det eine er det sokalla kinorommet vårt, med inngang frå stova i 1 etasje. No har vi iallefall begynt å tøme dette rommet. For her har alt av verktøy, maling, isolasjon, fliser osv osv, vore lagra mens huset vart ferdig. Har ikkje heilt bestemt oss for korleis vi vil ha det. Men det er lettare å få ideane til å kome når ein står med eit tomt rom :)

tirsdag 1. november 2011

2 NOVEMBER - Huset har vore bebodd nokre veker

Utelys er montert
Middagen vart i dag ute, grilla pølser og steikte pannekaker.





Ute har vi gjort klar til fleire utelys. I bakken skal det vere spottar.





Vaskerommet



Går vi gjennom luka i veggen er vi komt oppå loftet igjen.



Opp trappa, og her er hems med seng.







Sigve har også fått opp litt bilder på veggane.



Rommet til Sigve med trapp opp til hems og loftet.





Badet til SigveBåde dørhandtaket til kontoret og klesrommet har kodelås.





Kontoret vårt.

Gang mellom kjøkken og vaskerom. Til venstre her er kontor, Sigve sitt bad og Sigve sitt rom.


Kjøkken




Vinduskarmane i karnappa er no belagt med benkeplate.





Nede i halen i gjen, går turen mot stova og kjøkkenet.Soverom/gjesterom (mellombels oppbevaringsrom)



Sigve sitt romTv-stove kombinert gjesteromLoftsstoveOpp på loftet. Rett til venstre er loftsstova, deretter kjem tv-stova kombinert med gjesterom, deretter Sigve sitt rom til høgre lengst nede i gangen, bad som ikkje er ferdig og nermaste døra til høgre på bildet er også eit soverom.



Ute i halen igjen



Badet vårt.



Soverommet vårt, med massasjebenk for sårt trengande (tante)





Klesrom


Tar man til venstre, går turen mot stova og kjøkkenet.



Frå yttergangen og inn til halen, døra rett fram er til klesrom, bad og soverom.



Yttergangen sett frå gjestetoalettet.



Gjestetoalett (sett frå yttergangen)



Velkomen inn!


Ute har vi rydda og singla godt. Quooker på kjøkkenet er veldig greit å ha:) (kokande vatn rett frå springen)


No begynde det virkeleg å bli ei stund sida siste oppdatering. Sida sist er huset blitt trykktesta, med gode resultat. Ansvarleg søkjar for huset, Byggmeister Arild Aarseth, har sendt inn kontrollerklæringane frå Strandmann Maskin AS for gravinga, Vinjevoll Rør AS for rørleggararbeidet, Egset Ventilasjon AS for ventilasjonsanlegget, og avfallsplan og sluttrapport med kvitteringar. So huset vart godkjent:)



Har pusla litt ute rundt huset, ser ganske reint og ryddigt ut. Har montert utelys på huset og gjort klart til å sette ned spotta i bakken i framkant av huset.
Innvendig er det meste begynt å kome på plass, til og med bilder på veggane kjeme litt etter litt.
Fleire sengeplassar er på plass.
So no er huset åpent for besøk og overnatting for dei som ønsker det :)