Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

søndag 10. juli 2011

8 JULI - Støyping, Malermesteren er ferdig

Sigve sitt rom!


Nisjer på kontoret.

Tirsdagen kom Opsal Betong AS og støypte neste trinn, godt å ha skikkeleg underlag når ein går rundt huset:)

Tidleg i veka kom Byggmeister Arild Aarseth og gjorde klart golvet i 2.etasje for vidare golvlegging: satte i skruar og pussa ned alle skøytane.

Malarmester Stein Ove Lande har hatt siste veka si her, tatt siste finishen. Tredragarane har fått sparkel og maling, og nisjene på kontoret er blitt veldig godt synlege!

Rørleggarane frå Vinjevoll Rør har vore her å bygt på litt meir på anlegget på vaskerommet.

I tillegg har me fått Sigve på veggen. Bildet har me sjølv tatt. Bestilde hos www.mrperswall.no og tapeten vart levert hos Olav A. Myklebust, Fargerike Ørsta. Malarmestern hengde den opp før han drog.

Ellers avslutta me veka med ein liten sommaravslutningslunsj for malarmesteren, byggmeisteren og kompagni og rørleggarane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar