Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

torsdag 7. juli 2011

1 JULI - Maling, litt graving og klargjering for neste omgang med støyping



Fundament til skråveggane som høyrer til på eit tyrolerhus.








Inne i dusjnisja













Sigve sitt bad



Beklager for sein oppdatering! Men her kjem oppdatering frå forrige veke!


Malarmester Stein Ove Lande har måla litt. Me valgte først Skandinavisk lys til alt. (det er fargen som fortsatt er på vaskerommet og Sigve sitt bad). Dei to soveromma i 2. etasje har også fått fargen Skandinavisk lys. Men fargen vart for gulbrun for vår del. So me ombestemte oss og gjekk for fargen Bomull (S-0502Y) istadenfor. (Alle taka i huset er (0502Y) same koden men utan S). Resten av romma er no mala i fargen bomull og me er veldig fornøgde:)


Ellers fekk Sigve vilja si med blåfarge på rommet - Blått tak! (Berre vent til dokke ser fargen me skal ha på kontoret!)


Rørleggarar frå Vinjevoll Rør har vore her og begynt å montere varmeanlegget (NIBE SPLIT).


I tillegg har me gjort vårt bad klart til flislegging, me har lagt membran -remse -membran vått i vått. Sjølv om vi har BAC-plater (samme som Litex) i dusjnisja, har me her valgt å smøre membran på alt (heile platene i tillegg til skøytane). Dette fordi me skal ha steam i dusjen.


Ute har me endeleg bestemt oss korleis me ville ha det rundt huset (trur me). I første omgang ville me ha det muleg å kunne køyre bak huset med bil, men på grunn av høgdeforskjela mellom huset og platået ved siden av, vart dette vanskeleg. Me fant deretter ut at me setter opp ein liten mur ( derfor har me gravd opp plassen ved siden av huset, for gjere klart for fundament for mur) og deretter kle dette platået med brostein. Det blir ganske mykje uteareal rundt huset!


Og i tillegg gjorde me klart til enda ein omgang med støyping.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar