Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

søndag 10. april 2011

8 APRIL - Fleire rom vart gipsa, varmeanlegget i gulvet vart midlertidig satt i drift

Steamaggregatet øverst
Midlertidig oppkobling

Klesrommet Vinduskarmane vart pussa


Hemsane

Loftsstova
Inn mot tv-stova på loftet (til venstre)


Denne veka vart fleire rom endra til eit meir husleg preg. Heile loftet er no ferdig gipsa.

Rommet til Sigve med hems er ferdig plateslått, her blir gips utapå.

Vinduskarmane utvendig har blitt pussa (av same muraren som murte pipa). Dusjnisja er blitt kledt med BAC-plater og klesrommet er ferdig gipsa. No har det gått raskt framover, og tankane streifar litt over om me har huska å gjere alt me hadde planlagt før gipsen kom på ;)

I slutten av denne veka kom Vinjevoll Rør og satte varmeanlegget midlertidig i drift! Vi har bestemt oss for Nibe Split luft til vatn varmepumpe 9kw (levert av Vinjevoll Rør) denne er ikkje montert, men Vinjevoll Rør har montert eit midlertidig panel med 6kw varmeelement, ekspansjonstank og sirkulasjonspumpe 1,3 bar trykk. Varmen i gulvet vart skrudd opp til 30 grader, for deretter neste dag å skrue varmen heilt ned igjen. Dette blir gjort 10 dagar framover for å tørke ut betongen. Sirkulasjonspumpa går heile tida. Vi har som nevnt tidlegare vannrør i golvet i heile 1.etasje, samt i golvet på badet i 2.etasje. For øyeblikket er det kun varmen i golvet som står på, men huset held godt på varmen! Her er godt og varmt!

I tillegg leverte og monterte Vinjevoll Rør steamaggregatet vårt på veggen. Tylø VB6 steamaggregat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar