Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

lørdag 25. juni 2011

24 JUNI - Støypt 1.del. Ferdig med Jotun slett vegg. Lagt glasfiberstrie og beleggmembran.




Kjøkkenet


Gangen mellom kjøkken og vaskerom, sett frå vaskerom









Vaskerom












Yttergangen, sett frå ytterdøra


























Endeleg! Mandag denne veka fekk vi støype første delen av uteområdet! Opsal Betong AS stod for arbeidet.
Ellers har vi styra oss litt med gravemaskin bak huset, gravd vekk litt overflødig masse der som støttemuren skal stablast vidare til den støypte støttemuren. Hengde deretter opp duk og fekk singla litt. So då gjenstår det å finrette med fingrus (2-8mm) for deretter å begynde med litt stabling igjen.
Ellers har Malermester Stein Ove Lande jobba og styrt på heile veka. Alle romma har no fått Jotun slett vegg på veggane.Vaskerommet og badet til Sigve har fått glasfiberstrie for våtrom (med finstruktur) på veggane, og ein beleggmembran, Tarkodry Floor, på golvet. Denne beleggmembranen virkar som eit ideelt system, og hadde me vore klar over den frå begyndelsen av, so hadde me nok brukt ned på alle bada, og kanskje til og med på veggane (på bada altso) Men den kan ikkje kombinerast med litex/bac våtromsplater, for limen vil ikkje feste seg til desse platene.Beleggmembranen limes godt på t.d betong og gips. Og flislegginga kan begynne umiddelbart etter beleggmembranen er lagt.



Og rett før helga starta, begynte Malermesteren på taka med kvit grunningsmaling. Jobben går unna med malingssprøyte (Graco, Ultra Max II malingssprøyte) Vaskerommet, Sigve sitt bad, gangen mellom vaskerom og kjøkken, og kjøkkenet fekk kvite tak.


Og denne veka har kjøkkenet og garderobeskapa (frå IKEA) blitt levert, i tillegg har parketten og kvitevarene også komt, og alt står lagra rundt omkring på garden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar