Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

mandag 14. mars 2011

13 MARS - Helg, trekking av rør, oppsetting av OSB-plater




Badet på loftet er "kapsla" inne

Ser her hemsen, deretter eit lite trinn opp til neste

Denne veka og helga har vi faktisk fått gjort unna ein del! Og det viser også igjen!
I starten på veka var det fortsatt trekking av rør, fekk gjort mykje og fekk litt orden i systemet (bildet over).
Ellers lagde vi ein hems til. Den er i tilknytning til den andre vi laga. Tilkomsten blir frå same rommet. Det blir trapp opp til den første hemsen, deretter er det eit trappetrinn opp til neste hems. Litt artig å kunne benytte seg av den høge takhøgda!
Iløpet ta helga fekk vi starte med OSB-platene på loftet! Badet på loftet er blitt heilt kledt inne, eine veggen på eine soverommet og eine sida av veggen på loftstovene. No begynde det virkeleg å likne på noke!
I tillegg fekk kjøkkenet også nokre plater!
OSB-platene skal ikkje leggast på alle veggane, kun dei veggane som kanskje blir litt tyngde på. Ellers blir det gips på alt. (muligens Litex på bada)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar