Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

lørdag 1. januar 2011

30 DESEMBER - 2 karnappet ferdig med vindu, raftekassene er ferdig





Romjula vart det også gjort litt arbeid. Raftekassene vart gjort ferdige. Og det andre karnappet vart også gjort ferdig. Etter at vindua i karnappa vart satt inn, vart dei dekte med vindtett duk. Kledning skal deretter laggast utapå duken og det blir då skore hol til vindua att.
Stillaset framfor huset er også tatt ned, godt å sjå huset skikkeleg!
I og med at raftekassene no er ferdig, vart det stappa isolasjon under alle vindua og dørene, og varme vart satt på. Me oppnådde 16 grader ein dag i romjula.
På nyåret begynder me med avfukting. Me kjøpte like godt 2 F-DRY ROTOR CR240B avfuktere frå F-Tech AS. Desse skal fungere godt under 10 + grader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar