Første veka i August var me tilbake i vanleg arbeidsmodus, 2 veker med ferie var over. Denne veka gjekk med til å skru opp alle støttene, både på innsida og utsida av huset. Vindu- og døropningane vart forskalte igjen og stempla av. Materialet som vart brukt her var 36 x 198. Karnappa på framsida vart endeleg satt opp. Nokre stadar på huset måtte det sagast ut plass til dragara, vanleg isopor vart brukt som falske dragara.
onsdag 11. august 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar