Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

fredag 23. juli 2010

22 JULI







21 og 22 Juli vart resten av botnledningane dekt av singel. Allt av drens rundt huset vart ferdig. So no er kloakk, vatn, telefon, jording gravd ned.



Bak huset har vi to drens til i tillegg til den som ligg tett attmed husveggen. Har ein i samband med støttemuren. Me grov ei stor grøft mellom desse drensane for å legge ned vassrør, jording og rør til straum til garasja. Og når der allikavel var oppgreve, kunne me like gjerne lage til drens her også. Med tanke på at bak huset er det ein stor bakketopp med mykje vatn som siv gjennom jorda, er det greitt å få drenert vekk mest muleg vatn. Tilsammen skal vi ha 3 sandfangerkomer, den første ligg til venstre for huset, der som den minste delen av støttemuren begynner, den andre blir mellom huset og garasja (i bakkant) og den siste blir framme til høgre for garasja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar