Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

torsdag 6. september 2012

6 SEPTEMBER - Grøn plen, flaggstang og ferdig måla/beisa hus













No har eg visst overskrede tida mi fullstendig, sidan forrige innlegg var i mai.
Men sida sist har her blitt gjort litt ymse.
Vi lurte lenge på kva vi skulle gjere med skråninga ved siden av huset, korleis vi skulle få ei ryddig og pen avslutning av stablemuren. Vi gjorde det enkelt og stabla litt til.
Vi sådde plenen tidleg i mai, og i løpet av sommaren vart det grønt og frodig.
Flaggstanga har vi endeleg fått opp!
Og huset har endeleg blitt ferdig beisa og i tillegg fått måla muren kvit.

Vi har som dokke ser, kledd inne termomuren på austsida av huset med impregnert trevirke. Vi lurte ei stund på å få den pussa slik som huset, men fant ut at barn, leik og fotball ikkje gjekk i lag med pussa termomur. Denne "muren" skal beisast same fargen som trevirket på huset: Sibirsk lerk.

torsdag 31. mai 2012

31 MAI - Mur bak huset er ferdig, samt platt rundt huset er ferdig støypt













Siste månaden har det iallefall ikkje vore stillstand.
Stablemuren bak huset vart endeleg ferdig, i tillegg vart det fylt godt med masse bak den støypte muren ved sida av.
Resten av området rundt huset vart planert og klargjort til støyping (isolasjon og armering). I denne omgang vart det støypt omlag 250 kvm. med plate. Alt i alt har vi no rundt 400 kvm. støypt plate rundt huset.
I tillegg er dusjen på badet i andre etasje endeleg på plass:)

mandag 26. mars 2012

26 MARS - Kinorommet er halvferdig, og badet på loftet er no klar til flislegging


Badet på loftet

På kinorommet er no vegg-til-vegg teppet lagt på plass. Vi fekk også brukt noko av "Stone-wall" som vi hadde igjen. Parketten vi har lagt er siste rest av parketten som vi har lagt i resten av huset ( Tarkett Eik Breiblank). Stolane er no på plass. Vi har fortsatt igjen å male vindua/vinduskarmane, og det viktigaste er selfølgeleg ikkje på plass enda: Prosjektor og lerret.
Malermester Stein Ove Lande har lagt "membranbelegget" Tarko Dry Floor lagt på golvet. Alle veggane på badet på loftet har Tetti våtromsplater og skøytane er smurt vått i vått med membran og remse. I tillegg er sonene som kan bli utsatt for vatn, forsterka rikeleg med membran. Flisene er bestilt og levert. Vi velger å bruke samme flisene som på hovedbadet i første etasje. På golvet legg vi Nero Acapulco 30 x 60 ( Casalgrande Padana), i fallsonen legg vi Nero Acapulco 10 x 10. På to av veggane legg vi samme flisa som på golvet, mens på dei resterande to veggane legg vi Pasta Blanca White Body 20 x 60 (Azteca Ceramica). Badet er no klart til flislegging, og forventes ferdig etter påske.