Det har vore lange dagar i huset, men no begynde det å nærme seg eitkvart!
Huset utvendig er no ferdig pussa. Rørleggarane har holdt på innvendig og montert toalett, vask, dusj, handkletørker (er kobla til på vannrøra i golvet), dusjdør osv.
Resten av møblane er komne, alle levert av møbelringen Hovdebygda.
Alle garderobeskapa har fått på plass korger og hyller og er no klar til å fyllast opp med alt anna.
Og no endeleg er tv'en komt i hus. Den første er montert på kjøkkenet, 55" led-TV. Ein til er bestilt for å ha på stova.
Før helga vart huset vaska ned! Med stor hjelp av to tanter: Lisbeth og Else, tusen tusen takk skal dokke ha!!
Har elles fått montert alle handtaka på kjøkkenet, og fått begynt å fylle inni skapa:)
Det er muleg det må bli eit lite loppemarked ein gong, her er mykje ting å tang som kanskje andre kan få bruk for?