søndag 27. februar 2011
søndag 20. februar 2011
20 FEBRUAR - Helg...lekting av vegg, vinduskarmar
Utsikt frå piltanen vår.
Søndagen vart ein liten avslapningsdag!
Vinduskarmane blir heilsparkla gips.
Begyndelsen på helga gjekk med på å lekte vidare ytterveggane, samt rundt vindua og terrassedøra. Fordi me fant ut midt opp i all bygginga at me ville ha heilsparkla vinduskarma istadenfor tradisjonell utforingar i tre. Og då måtte alle vindua lektast ut litt. Gipsen som då blir brukt er ein GU-gips. Den er impregnert i kjerna, men ikkje på pappen yst fordi den skal sparkles og males.( dersom den er impregnert på utsida også, vil ikkje sparkel og maling sitte).
Søndagen vart det ikkje gjort mykje arbeid, ein må kvile litt også!
18 FEBRUAR - Kledning på huset er påbegynt, lekting innvendig tak
Denne veka kom 2 arbeidarar til frå Byggmeister Arild Aarseth, dei begynte på kledninga på huset. Og vart i løpet ta veka ferdig med den delen som peikar sørover. Kledninga er ferdig grunna.
I mellomtida vart det meste av alt innvendig yttertak ferdig lekta ( lekene vart lagt på utsida av plasten, for då kan vi legge elektrikerrøra imellom lektene)
mandag 14. februar 2011
13 FEBRUAR - Helg, litt legging av rør, el.punkt, hems
Kassene til spottane på badet på loftet vart montert (4stk.)
I frå dette platået blir det mogleg å kome ned på hemsen og vidare ned til soverommet ned til venstre.
I helga var det på att igjen med jobb for oss også. Elektrikerrør vart lagt rundt om kring i huset og ut, for seinare å trekke gjennom for tv-signala.
Taket på badet i 1.etasje vart limt og skrua på plass. Dette blir ein hems for soverommet ved siden av.
11 FEBRUAR - Rørleggararbeidet er gjort for denne gang!
Badet på loftet, her blir plass til badekar.
Gjestetoalettet.
Her blir 2 vasker.
Det var fortsatt meir å isolere denne veka. Det er overgangen mellom tak og vegg som har blitt isolert desse dagane.
Tirsdag 8. februar kom rørleggarane frå Vinjevoll-Rør, fredagen var dei ferdig.
Då var det lagt opp rør til 2 enkeltståande dusjar + ei dusjnisje med 2 dusjhaud,1 badekar, 4 toalett, 8 vaskar ( 2 på kjøkken, 1 på vaskerom, og resten på bad og gjestetoalettet) og selfølgeleg til vaskemaskin, oppvaskmaskin, vatn til kjøleskap viss det skulle vere behov.
I tillegg vart det lagt ut til kraner på utsida av huset, ei med kun kaldt vatn og ei med både varmt og kaldt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)