Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

torsdag 6. september 2012

6 SEPTEMBER - Grøn plen, flaggstang og ferdig måla/beisa hus













No har eg visst overskrede tida mi fullstendig, sidan forrige innlegg var i mai.
Men sida sist har her blitt gjort litt ymse.
Vi lurte lenge på kva vi skulle gjere med skråninga ved siden av huset, korleis vi skulle få ei ryddig og pen avslutning av stablemuren. Vi gjorde det enkelt og stabla litt til.
Vi sådde plenen tidleg i mai, og i løpet av sommaren vart det grønt og frodig.
Flaggstanga har vi endeleg fått opp!
Og huset har endeleg blitt ferdig beisa og i tillegg fått måla muren kvit.

Vi har som dokke ser, kledd inne termomuren på austsida av huset med impregnert trevirke. Vi lurte ei stund på å få den pussa slik som huset, men fant ut at barn, leik og fotball ikkje gjekk i lag med pussa termomur. Denne "muren" skal beisast same fargen som trevirket på huset: Sibirsk lerk.