Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

mandag 31. januar 2011

28 JANUAR - Isolering, samt start på ventilasjonsanlegg

Her er avtrekket til badet i 2.etasje satt opp.


Her har arbeidet med ventilasjonsanlegget kommet igang, samt isolering av taket i 1.etasje.

Taket på vaskerommet.

Byggestrømmen kom tirsdagen.




Denne veka vart det fortsett med isolering. Taket i 2.etasje er no ferdig isolert og nesten ferdig plastra. Taket i 1.etasje har man begynt å isolere.
Tirsdag 25 januar, måtte Tussa fram med byggestraum, so no går vifter, varme og avfuktera på fullt.
Onsdag 26 januar kom Egset Ventilasjon og begynte på ventilasjonsanlegget.
På alle bad, garderoberom og vaskerom skal det vere avtrekk, og på resten av romma skal det vere tilførsel.
Det blir ikkje dørstokkar i huset, på grunn av balansert ventilasjon.

søndag 23. januar 2011

21 JANUAR - Isolering av innertak, samt start på piltan








Denne veka vart piltanen framme påbegynt (veranda).
Torsdag kom all isolasjonen, 41 kubikk. Det vart levert 30 cm,15 cm, 7 cm og 5 cm.
30 cm skal brukes i yttertak, 15 + 5 cm i yttervegg og 7 cm skal i innervegg/delevegg.
Fredagen var mesteparten av taket i andre etasje isolert.

mandag 17. januar 2011

14 JANUAR - Dei gjenverande romma i 1.etg. og romma på loftet vart stendra opp.

Kjem opp trappa: først eit ope allrom, til venstre ei tv-stove, rett fram blir gang med bod heilt i enden, 2 soverom +bad blir på høgre side.

Bod






Loftet: Her blir rommet delt i 2.



Sett frå kjøkkenet(bildet over): Kontor heilt til venstre.


Denne veka vart resten av romma i huset stendra opp. Her sett i frå vaskerommet. Gang mot kjøkkenet heilt til venstre og til høgre kjem først eit soverom, deretter eit bad og til slutt eit kontor heilt nederst.

Deretter gjekk turen til loftet. Der er no inndelt til 2 soverom, 1 bad, 1 bod, 1 tv-stove + at der blir eit ope allrom med det same ein kjem opp trappa.

2 avfuktere står no å går heile tida!

7 JANUAR - Ekstra tetting av innvendig duk, stendring av rom



Då har me gått inn i 2011 og dette blir eit fantastisk spennande år!
I løpet av denne første veka vart alle skøytar i taket teipa. Alt skal vere tett.
Deretter vart veggane til gjestedoet i 1.etasje stendra opp. Dette rommet blir i vindfanget. ( ser ytterdøra)

lørdag 1. januar 2011

30 DESEMBER - 2 karnappet ferdig med vindu, raftekassene er ferdig





Romjula vart det også gjort litt arbeid. Raftekassene vart gjort ferdige. Og det andre karnappet vart også gjort ferdig. Etter at vindua i karnappa vart satt inn, vart dei dekte med vindtett duk. Kledning skal deretter laggast utapå duken og det blir då skore hol til vindua att.
Stillaset framfor huset er også tatt ned, godt å sjå huset skikkeleg!
I og med at raftekassene no er ferdig, vart det stappa isolasjon under alle vindua og dørene, og varme vart satt på. Me oppnådde 16 grader ein dag i romjula.
På nyåret begynder me med avfukting. Me kjøpte like godt 2 F-DRY ROTOR CR240B avfuktere frå F-Tech AS. Desse skal fungere godt under 10 + grader.