Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

onsdag 25. mai 2011

25 MAI - Bilde av kjøkkenet



Her ser dere korleis vi har tenkt kjøkkenet vårt. Som tidlegare nemnt er det IKEA kjøkken, Nexus i brunsvart.

Tegninga stemmer ikkje heilt. Til venstre på bildet viser kjøl og frys, på kvar side er det inntegna sjalusiskap, her blir det vanlege høgskap istadenfor. Ellers skal vi ikkje ha overskap i denne omgang, men det er muleg dersom vi føler behovet. Vi har også bestilt kjøleskuffa frå IKEA.

Ellers er alle kvitevarene av merket BOSCH, vi har bestilt både oppvaskmaskin, kjøleskap, fryseskap, ventilator, 90cm induksjonstopp, 30cm glasskeramisk woktopp (gass), kompakt dampovn, kompakt mikrokombiovn og 2 pyrolyseovnar, samt BOSCH oppskjærsmaskin. Alt levert av Lefdal Furutunet, Volda.

Døra som vises i bakgrunnen, er døra som går ut til gangen mot vaskerommet.

25 MAI - Sparkling, sparkling og sparkling








Soverommet vårt.


Gjestetoalettet







Badet til Sigve


Oppdateringa for denne veka kjem litt tidleg, for vi skal til Tromsø i morga og blir vekk i 1 veke.


Malermester Stein Ove Lande har hatt huset for seg sjølv desse dagane og har no komt gjennom alle romma som skall sparklast. På desse dagane har kontoret, badet til Sigve, Sigve sitt rom med hemsane, vårt soverom, gjestetoalett og hall/gang. Allt av utstyr og verktøy har vi no samla på kinorommet, for det rommet treng meir planlegging!


Mandag var vel også elektrikar ein tur innom, han skal samle alt i sikringsskapet, vart ikkje ferdig.

søndag 22. mai 2011

20 MAI - Sparkling og gipsing



































Denne veka har ikkje malermester eller snikkar vore her so mykje, men vi har fått gjort unna eindel. Vi har snikra litt på hemsen (bildet over) og ved hjelp av seine kveldar vart badet på loftet ferdig med våtromsplater (Tetti, levert av Fargerike, Olav A. Myklebust i Ørsta) Taket vart ferdig gipsa, det resterande på hemsen vart gipsa. Og vaskerommet vart ferdig gipsa.


Meininga var også at det skulle støypast ute denne veka, men i kjent sunnmørsk stil so regna det. Og støypinga er utsatt til det blir opplett.


Malarmester Stein Ove Lande har sparkla litt denne veka også, klesrommet har blitt sparkla, og litt hjørner i gangen mot vaskerommet, samt verandadøra.

søndag 15. mai 2011

15 MAI - Helg, litt arbeid med vaskerommet



Vaskerommet har lenge stått uberørt. Men no e tida koma for å gjere litt her også. Vi har i helga lagt straum rundt omkring i vaskerommet og fått isolert 3 av 4 veggar.

13 MAI - Rekkverk ferdig, fortsatt sparkling, klargjering til støyping


















































Denne veka begynte Malermester Stein Ove Lande nede i hovedetasjen med sparkling rundt vindua, i taket og veggane på kjøkken og stove.


Rekkverket på piltanen vart ferdig. Døra på vaskerommet vart satt inn.


Vi har sjølv slipt ned kanten inntil verandadøra på kjøkken, her var litt høgdeforskjell samanlikna med resten av golvet. Det var også høgdeforskjell i døråpninga til ytterdøra i entreen og på vaskerommet, men her var det nok å skjere ned isoporen. Ved alle tre døråpningane støypte me litt for å få ei jamn overflate som gjekk i eit med golvet.



Ute har vi gjort klart til støyping av 1.omgang. Her vart det lagt ut trykkfast isopor, FINNFOAM. Deretter armeringsmatter. Kanten rundt vart liggande 2"8 , deretter 2"4 ståande inntil. Som vekt oppå kanten har vi fylt gamle syrekanner med vatn.

mandag 9. mai 2011

6 MAI - Sparkling og pussing av gips, rekkverk på piltanen er påbegynt














Malermester Stein Ove Lande har denne veka også holdt på på loftet, sparkla og pussa.

Snikkarane Arild og Jon Åge har begynt på rekkverket til piltanen, kledt det andre karnappet, gipsa ferdig veggen der trappa opp til 2.etasje skal gå. Litt stod att på badet vårt, fordi vi måtte bygge inn litt over dokassa. Men no er også der ferdig plata med BAC.

tirsdag 3. mai 2011

1 MAI - Helg, fortsatt gipsing av vinduskarmar

Ser inn frå ytterdøra
Her skal trappa opp til 2.etasje gå

Ferdig gipsa



I helga var der karnappa som stod for tur, litt meir arbeid enn dei andre vindua. Både karnappa og alle vindua i 2 etasje var plastra, og dette tok si tid å få hjørna tapet og tette. Men vi vart ferdige. Fekk endeleg gjort ferdig veggen der trappa skal gå. Har fått målt opp kvar trappa blir og laga til med elektrikerrør i veggen for lys. No er veggen iallefall klar til gipsing, og også delar av yttergangen. Det minkar heldigvis på veggar som skal isolerast og gipsast!