Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

mandag 29. august 2011

28 AUGUST - Badet blir flislagt, listing og laging av trapp

Golvet er smurt ferdig med membran
















Ytterdøra er endeleg komt på plass (den skulle egentleg vere med på forrige oppdatering) Den er frå Bygg 1, og heiter Fornebu, og har spesiallaga 60 cm. sidefelt.

I tillegg har badet vårt verkeleg begynt å ta form! Malarmester Stein Ove Lande tar seg av flislegginga. Veggflisene er levert av flisimportør Dinos AS (Dinos.no). På veggane på badet har me valgt 23 x 44 flis, mens inne i dusjnisja: 20 x 60.

Ellers har det andre soverommet på loftet blitt ferdig lista, og åpninga inn til hemsane er blitt sparkla og mala.

Trappa inne på Sigve sitt rom har me snikra sjølv, rekkverk skal selfølgeleg også på plass.

Og golvet på badet har fått seg nokre skikkelege lag med membran og er no klart for flislegging.

mandag 22. august 2011

21 AUGUST - Litt listing, benkeplate på bad



Badet er klart for flislegging



Ferdig lista

Dører er komt på på garderobeskapet



Enkel og grei baderomsinnredning


Gjestetoalettet og Sigve sitt bad har fått montert baderomsinnredninga: eikebenkeplate. Her skal det vere ein vask på kvart rom som skal stå oppå benkeplata, enkelt og greitt.

Badet våra har fått nokre lag til med membran og er klart for flislegging!

På loftet har garderobeskapet fått dører og dei to soveromma har begynt å få lister. "Klikklister" som er beregna for laminatgolv, men fargen passa so bra til golvbelegget:)

Og so er endeleg ventilatoren komt på plass, den er av merket Bosch som resten av kvitevarene.

søndag 14. august 2011

14 AUGUST - Helg, montering av skap på vaskerommet, listing, innsetting av dører

Listing






"Hemmeleg rom" bak skapa


Dør inn til tv-stova på loftet er satt inn


Dørene til dei to soveromma e på loftet er satt inn.


Skapstammane er montert og satt på plass på vaskerommet





Denne helga har vi fått unna litt. Vinduet på Sigve sitt bad er fora og lista (einaste vinduet i huset som har "tradisjonell" foring, dette fordi ytterveggen her vart gjort ferdig før vi avgjorde at vi ville ha gipsforingar) Ellers har vaskerommet begynt å ta litt form, Skapstammer frå IKEA er montert og satt på plass og svart benkeplate er tilpassa.


3 dører på loftet er satt inn, og no gjenstår kun 4 dører i heile huset.


På eine soverommet på loftet har vi laga til "hemmeleg rom" bak skapa som akkurat gjekk under dragaren. Tenkte at vi kunne gjere nytte av plassen som vart bakom. Inngangen blr da gjennom eine skapet.


Ellers har vi fått begynt på listing. Loftstova og stove/kjøkken er omtrent ferdig lista.

12 AUGUST - Golvbelegg er på plass og resten av rekkverket til trappa











Denne veka har Malarmester Stein Ove Lande vore her på jobb igjen! Han har lagt golvbelegg på Sigve sitt rom, hemsane og dei to soveromma på loftet. Belegget som er på Sigve sitt rom og hemsane er Tarkett Urban Graphic metalic grey, og på soveromma er det Geerfloor Texline Grain 1400. Begge er bestilt hos og levert av Stein Ove Lande. Og han har mala ferdig pipa.

I tillegg har resten av rekkverket til trappa blitt montert!

søndag 7. august 2011

7 AUGUST - Helg, halvparten av dørene er på plass

Døra inn til kontoret har klare glas
Døra inn til Sigve sitt rom er heilt svart


Døra inn til vaskerommet er heilt svart


Døra frå kjøkkenet og ut i gangen mot vaskerommet har frosta glas


Døra til kinorommet er heilt svart


Døra inn til vår avdeling er med 3 små frosta glas


Døra frå yttergangen og inn er med klart glas


Døra til gjestetoalettet er med 3 små frosta glas

I løpet av helga har golvet til vaskerommet, yttergangen og gjestetoalettet blitt ferdig fuga. I tillegg har 8 av 15 dører komt på plass! Dørene er av merket Scanflex og er levert av firmaet Tore Ligaard AS i Trondheim.

fredag 5. august 2011

05 AUGUST - Elektrikerarbeid, litt kjøkken.

Vaskerommet klart for fuging


Yttergang og gjestetoalett





Inngangen til vaskerommet begynner å bli klar for støyping

Kontoret


Kvite kontakter på Sigve sitt rom



Loftstova med svarte kontakter









Lys på plass









Denne og forrige veke har elektrikaren vore her og dradd nokre meter med ledningar gjennom huset. Spottar i taket er på plass og litt kontakter her og der. Svarte kontakter på dei romma som er mest synleg for andre; stova nede, kjøkkenet og loftstova. Mens alle soveromma får kvite.

Mesteparten av kvitevarene er på plass. Kjøl og frys, samt ovnar (mikro, dampovn og 2 steikeovnar) vinskap er også på plass.
Kontoret har fått parkett på golvet, og skapstammar er montert i hop, klar til å settast på plass.

Ute har eg begynt å gjere klar til støyping (Pål e i kina for øyeblikket).

Ellers er vaskerommet, Sigve sitt bad, yttergangen og gjestetoalettet rydda og klart til fuging. I tillegg er det duka for at i løpet ta helga kan nokre av innerdørene bli satt på plass!