Har i tillegg fått begynt å montere garderobeskap i enden av gangen på loftet. Fant i tillegg på IKEA nokre skap som passar akkurat under tredragaren på eine soverommet på loftet, gjorde seg med litt fargar. (Dei er ikkje satt skikkeleg på plass, skal vere golvbelegg under)
tirsdag 26. juli 2011
24 JULI - Parkett, stonewall, litt flis og montering
mandag 18. juli 2011
17 JULI - Montering av kjøkken, maling av ståldragar
I tillegg gjekk starten på laurdagen til å bestille møblar til huset. Ny seng, sofa til 3 stove + kjøkken, samt spisestue og barkrakkar, alt bestilt hos Møbelringen i Hovdebygda.
15 JULI - Meir parkett er lagt, stonewall er påbegynt,trappa er montert! samt montering av kjøkkenstammar
Og i tillegg er trappa opp til 2.etasje montert! Trappa er produsert av Gjersdal Treindustri AS i Volda.
Og so har me fått begynt å montere skapstammane til kjøkkenet.
søndag 10. juli 2011
Korrigering av tidligere innlegg angående TarkoDry Floor
Etter samtale med Malermester Stein Ove Lande må vi korrigere noe. Grunnen til at vi ikke kunne kombinere dette med Bac/Tetti/ Litex var at smøremebran på veggene ikke vil tette sikkert nok i overgangen til TarkoDry på gulvet. Limet ville nok ha festet oppbretten av TarkoDry på "Litex'en", men mebranen ville ikke ha festet seg til TarkoDry'en.
Viser ellers til http://www.tarkett-commercial.com/floors/site/no-no/ann/1839/announce.asp
Viser ellers til http://www.tarkett-commercial.com/floors/site/no-no/ann/1839/announce.asp
Tegninger av huset vårt
Nå har vi endelig fått lagt ut tegningene. Ligger som en egen link på høyre side av bloggen.
10 JULI - Helg, Legging av parkett, klargjering for legging av flis og meir parkett.
Begge endeveggane skal ha Stonewall.
Loftstova sett frå verandadøra.

Loftstova har fått parkett! ( Tarkett Tango 13 mm europeisk rustikk børsta eik, enstav/brei-plank 19 cm, matt proteco lakk)
Golvet på gjestetoalettet og i entreen er prima og er klart til flislegging. Endeveggane i stova og gang/hall er prima og klar for Stonewall. Og kjøkken og stove er klar for parkett!
Loftstova har fått parkett! ( Tarkett Tango 13 mm europeisk rustikk børsta eik, enstav/brei-plank 19 cm, matt proteco lakk)
Golvet på gjestetoalettet og i entreen er prima og er klart til flislegging. Endeveggane i stova og gang/hall er prima og klar for Stonewall. Og kjøkken og stove er klar for parkett!
8 JULI - Støyping, Malermesteren er ferdig
Tidleg i veka kom Byggmeister Arild Aarseth og gjorde klart golvet i 2.etasje for vidare golvlegging: satte i skruar og pussa ned alle skøytane.
Malarmester Stein Ove Lande har hatt siste veka si her, tatt siste finishen. Tredragarane har fått sparkel og maling, og nisjene på kontoret er blitt veldig godt synlege!
Rørleggarane frå Vinjevoll Rør har vore her å bygt på litt meir på anlegget på vaskerommet.
I tillegg har me fått Sigve på veggen. Bildet har me sjølv tatt. Bestilde hos www.mrperswall.no og tapeten vart levert hos Olav A. Myklebust, Fargerike Ørsta. Malarmestern hengde den opp før han drog.
Ellers avslutta me veka med ein liten sommaravslutningslunsj for malarmesteren, byggmeisteren og kompagni og rørleggarane.
torsdag 7. juli 2011
1 JULI - Maling, litt graving og klargjering for neste omgang med støyping
Malarmester Stein Ove Lande har måla litt. Me valgte først Skandinavisk lys til alt. (det er fargen som fortsatt er på vaskerommet og Sigve sitt bad). Dei to soveromma i 2. etasje har også fått fargen Skandinavisk lys. Men fargen vart for gulbrun for vår del. So me ombestemte oss og gjekk for fargen Bomull (S-0502Y) istadenfor. (Alle taka i huset er (0502Y) same koden men utan S). Resten av romma er no mala i fargen bomull og me er veldig fornøgde:)
Ellers fekk Sigve vilja si med blåfarge på rommet - Blått tak! (Berre vent til dokke ser fargen me skal ha på kontoret!)
Rørleggarar frå Vinjevoll Rør har vore her og begynt å montere varmeanlegget (NIBE SPLIT).
I tillegg har me gjort vårt bad klart til flislegging, me har lagt membran -remse -membran vått i vått. Sjølv om vi har BAC-plater (samme som Litex) i dusjnisja, har me her valgt å smøre membran på alt (heile platene i tillegg til skøytane). Dette fordi me skal ha steam i dusjen.
Ute har me endeleg bestemt oss korleis me ville ha det rundt huset (trur me). I første omgang ville me ha det muleg å kunne køyre bak huset med bil, men på grunn av høgdeforskjela mellom huset og platået ved siden av, vart dette vanskeleg. Me fant deretter ut at me setter opp ein liten mur ( derfor har me gravd opp plassen ved siden av huset, for gjere klart for fundament for mur) og deretter kle dette platået med brostein. Det blir ganske mykje uteareal rundt huset!
Og i tillegg gjorde me klart til enda ein omgang med støyping.
Abonner på:
Innlegg (Atom)