I helga fekk me støypt badegolvet i 2.etasje. Området med dei 2 slukane vart støypte for seg etter at golvet var tørt. Fallet til slukane vart først støypt med litt fall, for deretter å slipe meir fall morgonen etter.
I tillegg har vi holdt på ute i fineveret og planert singelen og sikra oss at vi har fall rett veg, her blir det lagt ut meir isloasjon neste veke.
Laurdagen kom snikkaren og gipsa litt. Mens han gjorde ferdig veggen på kontoret (bildet rett over) gjorde vi klart kinorommet til gipsing, isolerte. Taket vart ferdig gipsa.
Helga vart brukt til å isolere og gjere klar fleire rom til gipsing. På kontoret (nederste bildet) har 3 av 4 veggar stått ferdig gipsa. I helga gjorde me klar den siste. Der som det vises OSB-plater, er det fordjupning i veggen, her blir det hyller.
Og no er soverommet vårt og gjestetoalettet klart til gipsing. I tillegg har me fått rydda litt rundt huset ( snøven har endeleg forsvunnet, nesten) for etter påske håpar me å få støype rundt huset.
Denne veka vart fleire rom endra til eit meir husleg preg. Heile loftet er no ferdig gipsa.
Rommet til Sigve med hems er ferdig plateslått, her blir gips utapå.
Vinduskarmane utvendig har blitt pussa (av same muraren som murte pipa). Dusjnisja er blitt kledt med BAC-plater og klesrommet er ferdig gipsa. No har det gått raskt framover, og tankane streifar litt over om me har huska å gjere alt me hadde planlagt før gipsen kom på ;)
I slutten av denne veka kom Vinjevoll Rør og satte varmeanlegget midlertidig i drift! Vi har bestemt oss for Nibe Split luft til vatn varmepumpe 9kw (levert av Vinjevoll Rør) denne er ikkje montert, men Vinjevoll Rør har montert eit midlertidig panel med 6kw varmeelement, ekspansjonstank og sirkulasjonspumpe 1,3 bar trykk. Varmen i gulvet vart skrudd opp til 30 grader, for deretter neste dag å skrue varmen heilt ned igjen. Dette blir gjort 10 dagar framover for å tørke ut betongen. Sirkulasjonspumpa går heile tida. Vi har som nevnt tidlegare vannrør i golvet i heile 1.etasje, samt i golvet på badet i 2.etasje. For øyeblikket er det kun varmen i golvet som står på, men huset held godt på varmen! Her er godt og varmt!
I tillegg leverte og monterte Vinjevoll Rør steamaggregatet vårt på veggen. Tylø VB6 steamaggregat.