Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

torsdag 7. oktober 2010

7 OKTOBER Golvet i 2 etg. er ferdig lagt og veggane er påbegynt


Ser her tydeleg trappeopninga.




Idag begynte dei på ytterveggane i 2 etasjen.

Ser her mot stova til høgre.


Ser her rett mot kjøkkenhjørnet.
Rommet i bakgrunnen til venstre er kinorommet.
Heilt til høgre blir stova.


Ser her til venstre gangen mot vaskerommet.
Heile dette rommet som eg står i er kjøkkenet.


Her er heile 2 etasjen ferdig lagt med Ranti bjelke.
Me ser her trappeopninga midt på golvet heilt til venstre.
Det er no gått omlag ei veke sida sist oppdatering. Snikkarane styra på og no er golvet i 2 etasjen ferdiglagt med Ranti-bjelker, og i tillegg ferdiglagt med plater. Ytterveggane til 2 etasjen er påbegynt.

onsdag 29. september 2010

29 SEPTEMBER - Nokre av dragarane er på plass








Idag vart 1 ståldragar, 2 limtredragara og fleire I-bjelka (Ranti) heist på plass. I-bjelkane vart lagde på tvers av huset, på bakre del.



28 SEPTEMBER - Klargjering for støyping av støttemur



Støttemuren som vi stabla bak huset skal fortsette eit lite stykke til. Deretter skal det støypast ein støttemur som blir i same høgda.

27 og 28 SEPTEMBER - Justering av høgd og forsterking av veggar


Høgda på alle veggane vart justert nøye til, slik at golvet til loftet snart kan påbegyndast!
Fleire stendara vart satt inn der det kjem dragara.

24 SEPTEMBER - Litt fleire veggar

Veggen mellom stove/kjøkken og kinorom/bad kom opp idag, samt veggen som deler kjøkken og stova, veggen mellom stove og yttergang og veggen mellom yttergang og gjestetoalettet.

søndag 19. september 2010

17 SEPTEMBER - Reising av veggar






Idag er veggane til vårt soverom, bad og klesrom oppkome, samt veggane til kinorommet og gjestetoalettet. Også veggen mellom kjøkken og soverom er oppkome. Litt godt å kunne gå på jobb, for deretter å kome heimatt og sjå kor det går framover!!

16 SEPTEMBER - Inndeling



Rominndelinga er i gong!
No kan me virkeleg begynde å sjå for oss korleis det faktisk blir:)

14 SEPTEMBER - Snekringa er i gang!


Idag kom Byggmeister Arild Aarseth og rigga seg til. Det første som vart påbegynt var reima til andre etasje. Vart lagt framme og bak på huset. Men i mellom muren og reima vart det lagt svillemembran.

10 SEPTEMBER - Takstola og dragara vart levert.



Idag kom Pretre og leverte materialet til takkonstruksjonen. Takstolar til vaskerommet og resten av takkonstruksjonen blir bygd opp av limtredragara. Dragarane vart leverte i fleire lengder. Dei lengste er på ca. 15 meter og 60 cm. høge.

2 SEPTEMBER - Ryddet og klart til snekkarane!






Då var det vel på tide med ei oppdatering på bloggen! Frå plata vart støypte har byggeaktiviteten vore lav. Me har rydda heilt ned all støtte rundt og inni huset, sortert materialen på pallar, rydda opp verktøy og singla godt rundt huset. Då ser det faktisk veldig ryddig og reint ut her :)

fredag 20. august 2010

19 AUGUST - Området rundt







Strandmann Maskin har begynt å grave til grova som renn ned longs forbi huset, og jamne ut massane som me he flytta frå hustomta. Dette blir skikkeleg pent når alt er ferdig:)

19 AUGUST - Støyping av plata











Tidleg i dag kom X-Betong og begynte å støype!

18 AUGUST - Armering

Me var 4 vaksne, 5 mot slutten, som la inn armeringsmattene. Det gjekk veldig radigt. Takk til pappa, onkel Odd og Arnfinn. (Du også Pål, du e dyktig!) Ej og pappa gjekk over og fekk stripsa i hop armeringane før me tok kveld. NO e ALT klart til støyping av plata!

17 & 18 AUGUST - Rør til vannbåren varme




Vinjevoll Rør kom 17 august å begynte å legge røra til vannbåren varme. Ej og Pål hadde dagen før merka opp på isoporen kor veggane skulle gå og kor dørene inn til romma skulle vere. Når dagen var omme , var over halvparten av røra lagde på plass. Resten av røra vart lagde 18
august.
Me hadde faktisk ein del isolasjon til overs, istadenfor at den skulle ligge rundt huset og ta opp plass, kom Vartdal Plast og tok det i retur ganske kjapt. Enten me he mangla noke eller he hatt for mykje he Vartdal Plast komt ganske raskt til unnsetning:)

15 AUGUST - Utlegging av isopor






Idag la me ut isolasjonen itil golvet. Ej (Monica), pappa, onkel Odd og Pål begynte med å legge ut den trykkfaste isolasjonen (Finn Foam) der som alle bæreveggane og søylepunkta skal vere. Den trykkfaste isolasjonen er 5 cm. Derfor la me også 5 cm styropor rundt på resten av golvet. La deretter 20 cm styropor, plastikk og til slutt 10 cm styropor. Der som den trykkfaste isolasjonen ligg, ligg kun den. Har ikkje noko meir isolasjon over denne, herskal fyllast med betong. Det tok heile dagen og kvelden. Pål heldt til og med på utover natta.

13 AUGUST - Området rundt huset















Det er ikkje berre huset me jobba med, men det meste av området rundt også. Har hatt ein haug med mold rett nedanfor huset, og idag vart den fordelt jamt ut. Oppå denne flata blir det altså plen etterkvart. Har lagt igjen eit område (firkanten) utan mold, fordi me der kan tenke å bygge eit lysthus eller noko liknande ;)


I jorda her som hustomta er, er ganske mykje stein, store steinar. Og me kunne vel bruke noke ta dei til eitkvart! Holder derfor på, midt i alt anna, å lage til ein liten mur ved sidan av løda. Og i tillegg til dette, held me på å lage til litt større område oppom løda, med veg bort åt huset.

13 AUGUST - Grus til avretting


Pål og Ole Petter lasta inn 2-8 grus og fordeltee den jamt over heile golvarealet. Den er ein del lettare å avrette med enn singelen.

12 AUGUST - Vassrøra vart lagde på plass


Onkel Odd var her å la ned vassrøra til oss. Dei skulle ligge rett under singelen. Pål skrudde ned all støtta på innsida ta huset. Og Vartdal Plast var her med leveranse nr. 2 til golvet.

onsdag 11. august 2010

11 AUGUST - Spørsmål og svar

Sidan me ikkje legg ut alt i minste detalj ( for det har me dessverre ikkje tida til :)) håpar me at flest muleg legg inn kommentara om det er noke dokke lurer på, he meinigar om eller he tips om........ So skal me prøve å svare so godt so me kan ;)

11 AUGUST - Isolasjon til golvet vart levert


Idag kom første leverense med isolasjon til golvet. 20 cm styropor frå Vartdal Plast, samt trykkfast isolasjon( 5 cm Finnfoam). Den trykkfaste isolasjonen skal brukast under bæreveggane ,6-7 plassar rundt om i huset, ca. 35 meter. Der som den trykkfaste isolasjonen blir brukt, er det kun den som blir brukt. Men me skal ha ytterligare 15 cm. med isolasjon. Vartdal Plast kjem med neste leveranse i morga 10cm + 5 cm styropor. Me legg 5 cm ekstra enn kva krava tilsei.

9 og 10 AUGUST - Støyping av veggane


Mandag 9 August kl. 13.00 kom Opsal Betong AS og støypte veggane opp til vindua. Det var forresten dei som støypte såleblokka også. For at det ikkje skal bli for stort press på veggane, blir det støypt i to omgangar. Tidleg tirsdagsmorgen 10 August kom dei derfor tilbake og støypte resten av huset. Støypinga gjekk veldig fint begge daga, god tone mellom oss og dei ansatte i Opsal Betong AS gjorde arbeidet lettare. Pumpebilen var plassert bak huset, køyrbar veg er tillaga heilt opp og bak huset. Herifrå rakk pumpebilen til heile huset.