Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

mandag 26. september 2011

26 SEPTEMBER - Huset er ferdig pussa, innflytting pågår

Tv'en på kjøkkenetHandtaka på kjøkkenet er montert.


All papp på golv og trapp er fjerna!
Sigve sitt bad (manglar delar til dusjen)

Gjestetoalettet

Baderomsinnreiinga på badet vårt, enkelt og greitt (har ikkje funne speil enda)



Døra inn til dusjnisja er på plass + handklestativet



Inne i dusjnisja



Garderobeskapet mellom kjøkken og vaskerom















Sofaen på loftstova (innflytningsgåve frå Monica sine foreldre)

Sofaen på tv-stova på loftet

Oj, no har det gått over 2 veker sidan siste oppdatering, beklager. (spesielt til Roger, som er ein fast følger;))

Det har vore lange dagar i huset, men no begynde det å nærme seg eitkvart!

Huset utvendig er no ferdig pussa. Rørleggarane har holdt på innvendig og montert toalett, vask, dusj, handkletørker (er kobla til på vannrøra i golvet), dusjdør osv.

Resten av møblane er komne, alle levert av møbelringen Hovdebygda.

Alle garderobeskapa har fått på plass korger og hyller og er no klar til å fyllast opp med alt anna.

Og no endeleg er tv'en komt i hus. Den første er montert på kjøkkenet, 55" led-TV. Ein til er bestilt for å ha på stova.

Før helga vart huset vaska ned! Med stor hjelp av to tanter: Lisbeth og Else, tusen tusen takk skal dokke ha!!

Har elles fått montert alle handtaka på kjøkkenet, og fått begynt å fylle inni skapa:)


Det er muleg det må bli eit lite loppemarked ein gong, her er mykje ting å tang som kanskje andre kan få bruk for?

tirsdag 13. september 2011

11 SEPTEMBER - Støypt mur og "tyrolerhjørner", Trappa til Sigve ferdig montert.



Kontoret

Soverommet vårt



Klesrom

Sigve sitt rom på loftet





Sigve sitt rom

Ventilasjonsbod









Det går framover og i løpet av veka vart "tyrolerhjørna" og muren støypt av Opsal Betong AS. I tillegg vart resten av huset ferdig pussa med første laget.

Egset Ventilasjon var innom og monterte ferdig ventilasjonen.

Trappa til Sigve er no ferdig montert med ferdig pussa rekkverk! Synes sjølv me har gjort ein bra jobb her ja:) Sigve sine leiker er no flytta opp til dei nye romma (oppe/nede).

Vegg-til-vegg teppet er lagt på klesrommet og soverommet vårt, og garderobeskapa er montert. Her mangler kun golvlister og ei dør. I tillegg begynde kontoret å bli ferdig, får nok begynde å bære opp papirbunkane.

I tillegg har nokre av møblane begynt å kome, men har ikkje fått begynt å montere ihop. Håpar på resten av møblane no til veka:)

tirsdag 6. september 2011

4 SEPTEMBER - Pussing av utvendig mur,oppsetting av "tyrolerkantane", bygging av mur, ferdig flislagt bad!























Tv-stova på loftet er ferdig lista.







I løpet av denne veka og helga har det gått framover, mykje godt arbeid er gjort. Badet vårt er ferdig flislagt og fuga.

Flis på vegg: Revestimiento 23x40 + Acapulco Nero 30x60

Flis på golv: Acapulco Nero 30x60

Flis på vegg inne i dusjnisja: Pasta Blanca,White body 20x60 + Acapulco Nero 30x60

Flis på golvet i dusjnisja: Elvestein, Black Pebble Tile 29x29 + Acapulco Nero 9x9


Tv-stova på loftet er ferdig lista, veggen på gjestetoalettet har fått StoneWall, 2 innerdører er satt på plass (inn til vårt bad og til badet på loftet) No står det kun igjen 1 innerdør (inntil soverommet vårt) Og trappa til Sigve har begynt å få rekkverk (må demonterast og pussast).

Ellers er utvendig vegg på huset påbegynt med pussing (først ein netting,deretter puss) og "tyrolerkantane" er tillaga og klar for støyping.

I tillegg har vi fått bygd opp mur mellom huset og parkeringsplassen, også klar for støyping.

I løpet av veka har også straumkabelen funne vegen inn i huset, og snart blir det lys her!