Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

tirsdag 28. juni 2011

28 JUNI - Utfordring til ein kunstnarspire!



Veggen til venstre på bildet



Me vil kome med ei lita oppfordring til kunsnarspira i alle aldrar som malar litt på hobbybasis.


Denne veggen som vises på alle bilda over, vil me ha eit stort lerret ( omlag på 2,50 m.breidt og 1,25m høgt).


Me tenke oss at i og med at veggane ellers blir veldig lyse, skal her kome noko fargesparakande og abstrakt. Sterke og reine fargar som for eksempel raudt, gult, blått og grønt kan passe godt her.


Høyres dette interessant, spennande og artig ut? ta kontakt:) -> monhovd@online.no

lørdag 25. juni 2011

24 JUNI - Støypt 1.del. Ferdig med Jotun slett vegg. Lagt glasfiberstrie og beleggmembran.




Kjøkkenet


Gangen mellom kjøkken og vaskerom, sett frå vaskerom









Vaskerom












Yttergangen, sett frå ytterdøra


























Endeleg! Mandag denne veka fekk vi støype første delen av uteområdet! Opsal Betong AS stod for arbeidet.
Ellers har vi styra oss litt med gravemaskin bak huset, gravd vekk litt overflødig masse der som støttemuren skal stablast vidare til den støypte støttemuren. Hengde deretter opp duk og fekk singla litt. So då gjenstår det å finrette med fingrus (2-8mm) for deretter å begynde med litt stabling igjen.
Ellers har Malermester Stein Ove Lande jobba og styrt på heile veka. Alle romma har no fått Jotun slett vegg på veggane.Vaskerommet og badet til Sigve har fått glasfiberstrie for våtrom (med finstruktur) på veggane, og ein beleggmembran, Tarkodry Floor, på golvet. Denne beleggmembranen virkar som eit ideelt system, og hadde me vore klar over den frå begyndelsen av, so hadde me nok brukt ned på alle bada, og kanskje til og med på veggane (på bada altso) Men den kan ikkje kombinerast med litex/bac våtromsplater, for limen vil ikkje feste seg til desse platene.Beleggmembranen limes godt på t.d betong og gips. Og flislegginga kan begynne umiddelbart etter beleggmembranen er lagt.



Og rett før helga starta, begynte Malermesteren på taka med kvit grunningsmaling. Jobben går unna med malingssprøyte (Graco, Ultra Max II malingssprøyte) Vaskerommet, Sigve sitt bad, gangen mellom vaskerom og kjøkken, og kjøkkenet fekk kvite tak.


Og denne veka har kjøkkenet og garderobeskapa (frå IKEA) blitt levert, i tillegg har parketten og kvitevarene også komt, og alt står lagra rundt omkring på garden.

mandag 20. juni 2011

17 JUNI - "Jotun slett vegg" på fleire veggar

Gangen mellom vaskerom og kjøkken (ser frå vaskerom mot kjøkken).


Der som armeringsduken ikkje går heilt ned, blir det kjøkkeninnredning.






Klesrom



Vårt soverom







Byggmester Arild Arseth var framom å gipsa ferdig yttergangen. Mens Malarmester Stein Ove Lande har lagt "Jotun slett vegg" på klesrommet, soverommet vårt, stova og kjøkkenet.
Og har fått sparkla yttergangen og gangen mellom vaskerommet og kjøkkenet.


Ikkje denne veka heller fekk me støypt. Håpa på bedre vêr neste veke!

søndag 12. juni 2011

12 JUNI - Kommentartilgang

No er innstillingane endra og alle har tilgang til å legge inn kommentarar.

12 JUNI - Helg, Litt gipsing og plateslåing.





Entreen, ser inn frå inngangsdøra.

Her blir plass til ytterdør med eit sidefelt på kvar side.




Gang mellom kjøkken og vaskerom, ser mot vaskerom.

I helga har vi fått gjort ferdig gangen mellom kjøkkenet og vaskerommet. Slått på OSB-plater og gips.

I yttergangen har vi fått isolert ferdig, slått på OSB/spon-plater og gjort klar til gipsing.

10 JUNI - Sparkling, pussing og påbegynt med armeringsduk på veggane






































Denne veka har eg hatt ferie (Monica) og har fått beisa resten av veggane på huset. Pål og Sigve støypte litt på vaskerommet (bildet over). Det skal leggast ein membranduk på golvet, og derfor vart det støypt rundt avløpsrør og inntaksrør til straumkabel, for å få rette kantar og hjørner. Sikrar då at det blir tette skøytar.
Ellers har Malarmester Stein Ove Lande fått begynt å legge ein "armeringsduk" på veggane (Jotun slett vegg, forgrunnet). Alle romma på loftet har fått på duken. For å sikre at veggen blir heilt slett og hindre sprekkdanning.

mandag 6. juni 2011

05 JUNI - Helg, begynt å beise huset.



Då har vi begynt med 1.strøket med beis. Fargen vart Sibirsk Lerk frå Jotun.