Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

søndag 24. april 2011

24 APRIL - Helg, Støyping av badegolv, klargjering for støyping ute















I helga fekk me støypt badegolvet i 2.etasje. Området med dei 2 slukane vart støypte for seg etter at golvet var tørt. Fallet til slukane vart først støypt med litt fall, for deretter å slipe meir fall morgonen etter.

I tillegg har vi holdt på ute i fineveret og planert singelen og sikra oss at vi har fall rett veg, her blir det lagt ut meir isloasjon neste veke.

Og ellers har tida gått til rydding og kosting;)

22 APRIL - Pipa er koma på plass, litt gipsing








Denne veka, før påskedagane sette inn, vart pipa murt ferdig, og den utvendige delen vart også ferdig. Itillegg har pipa innvendig blitt ferdig pussa.


Kinorommet er ferdig gipsa (1 av 4 veggar står att, pga litt rørarbeid i samband med badet vårt som ligg vegg i vegg).


Ymse remedier til maleren er ankommet, for han kjem etter påske og begynder å sparkle!


Og rommet til Sigve er påbegynt med gipsing.

søndag 17. april 2011

17 APRIL - Helg, gipsing og isolering



Kinorommet

Laurdagen kom snikkaren og gipsa litt. Mens han gjorde ferdig veggen på kontoret (bildet rett over) gjorde vi klart kinorommet til gipsing, isolerte. Taket vart ferdig gipsa.

15 APRIL - Gipsing av soverom og gjestetoalettet

Trykkfast isolasjon: Finn Foam.



Denne veka vart soverommet vårt og gjestetoalettet ferdig gipsa.

I tillegg har vi fått rydda vekk alt stilas som stod montert rundt huset. Og snøven er borte!

Fredag var Pål innom Vartdal Plast og henta den trykkfaste isolasjonen som vi skal bruke ute rundt huset før vi støyper.

Eine karnappet har fått litt kledning på seg.

mandag 11. april 2011

10 APRIL - Helg, isloering, klargjering til gipsing

Soverommet vårt, klart til gipsing
Gjestetoalettet, klart til gipsing

Helga vart brukt til å isolere og gjere klar fleire rom til gipsing. På kontoret (nederste bildet) har 3 av 4 veggar stått ferdig gipsa. I helga gjorde me klar den siste. Der som det vises OSB-plater, er det fordjupning i veggen, her blir det hyller.

Og no er soverommet vårt og gjestetoalettet klart til gipsing. I tillegg har me fått rydda litt rundt huset ( snøven har endeleg forsvunnet, nesten) for etter påske håpar me å få støype rundt huset.

søndag 10. april 2011

8 APRIL - Fleire rom vart gipsa, varmeanlegget i gulvet vart midlertidig satt i drift

Steamaggregatet øverst
Midlertidig oppkobling

Klesrommet Vinduskarmane vart pussa


Hemsane

Loftsstova
Inn mot tv-stova på loftet (til venstre)


Denne veka vart fleire rom endra til eit meir husleg preg. Heile loftet er no ferdig gipsa.

Rommet til Sigve med hems er ferdig plateslått, her blir gips utapå.

Vinduskarmane utvendig har blitt pussa (av same muraren som murte pipa). Dusjnisja er blitt kledt med BAC-plater og klesrommet er ferdig gipsa. No har det gått raskt framover, og tankane streifar litt over om me har huska å gjere alt me hadde planlagt før gipsen kom på ;)

I slutten av denne veka kom Vinjevoll Rør og satte varmeanlegget midlertidig i drift! Vi har bestemt oss for Nibe Split luft til vatn varmepumpe 9kw (levert av Vinjevoll Rør) denne er ikkje montert, men Vinjevoll Rør har montert eit midlertidig panel med 6kw varmeelement, ekspansjonstank og sirkulasjonspumpe 1,3 bar trykk. Varmen i gulvet vart skrudd opp til 30 grader, for deretter neste dag å skrue varmen heilt ned igjen. Dette blir gjort 10 dagar framover for å tørke ut betongen. Sirkulasjonspumpa går heile tida. Vi har som nevnt tidlegare vannrør i golvet i heile 1.etasje, samt i golvet på badet i 2.etasje. For øyeblikket er det kun varmen i golvet som står på, men huset held godt på varmen! Her er godt og varmt!

I tillegg leverte og monterte Vinjevoll Rør steamaggregatet vårt på veggen. Tylø VB6 steamaggregat.

søndag 3. april 2011

1 APRIL - Gipsing av stove og kjøkken

Kjøkkenet nærmast, stova i bakgrunnen til venstre.
Stova nærmast, deretter kjøkkenet.
Stova.
Og her var pipa på plass.



Her ser man holet i taket der pipa skal gå.
Bac-plater på badet






Denne veka har huset blitt tydeleg forandra. Taket på kjøkkenet, stova, badet vårt og klesrommet vart ferdig gipsa.

Badet vårt vart i tillegg påbegynt med våtromsplater på veggane, det vart ikkje litex som tidlegare skrevet, men Bac.

Overhenget på kanten rundt trappeåpninga vart sagd av, og åpninga no vart ein del åpnare.

Karnappa ute vart påbegynt vidare arbeid, gjeres no klart slik at blikkenslagarane kan kome å legge på taket.

Som dokke sikkert ser på bildet er pipa koma på plass! Arbeidet her utføres av murmester Ebbe Mork frå Molde.

Og på slutten av veka vart veggane på kjøkkenet og stova gipsa!