Velkommen til vår Byggeblogg

Sidan det meste av huset no er ferdig, går det litt lengre mellom kvar oppdatering, ca. 1 gang i mnd. Ta gjerne kontakt om det er noe dere lurer på.

torsdag 29. juli 2010

29 JULI - Nesten ferdig med 5. høgda







Etter litt mental kviling he me idag fått opp omtrent heile 5. høgda. Me he no fått vegg over vindua også. Og 1 vegg er skråskjert. Døråpningane til vaskerommet og verandadøra på kjøkkenet vart skåre ned til rett høgd.
No begynde det virkeleg å likne eit hus ja. Kero he allereide funne seg ein plass på kjøkkenet.

28 JULI - Reising av støtter rundt huset







I dag måtte me ta ein tur i tenkeboksa. Det skal vere forskjellige høgder på veggane, og me skal gjennomgåande bjelkar, er det ikkje alltid like lett for oss amatør husbyggarar å forstå tegningane. So me gjekk heller vidare på å reise støtter rundt huset. La først ei lekt nederst på huset, heile vegen rundt, både inne og ute. Deretter vart det røyst for kvar side av vindua og dører, på kvar side av eit hjørne og deretter for kvar 3. meter.

27 JULI - Ferdig med 4. høgda




4. høgda vart ferdig. Og stillaset vart ferdig, mangla føter til eit stativ, men me he fått låne oss nokre pallar. So no kan me gå heilt rundt i høgda.

26 JULI - Ferdig med 3. høgda







2 og 3 høgda vart ferdig. På 2 høgda vart utsparingane til dørene tillaga. Og på 3. høgda vart utsparingane til vindua laga. Far og bror til Monica begynte å reise stillaset, kom seg halveis rundt på innsida av huset.

25 JULI - Ferdig med 1,5 høgd


La ferdig armering for første høgda og nederste del av 2.høgda. Vart halveis ferdig med 2.høgda.

24 JULI


24 Juli vart 1 høgda sagd til og tilpassa. (Elementa til dei to karnappa framme på huset ventar me med til resten av huset er komt opp). Armering vart lagt i. På 1 og 2 høgda skal det vere armering både nede og oppe i elementa. Resten ev høgdene skal det kun vere øverst oppe i elementet.

fredag 23. juli 2010

22 JULI


Det siste me gjorde 22 juli var å gjere ei lita prøvebygging. La ut element til første høgda. No må det oppmålast og tilskjerast. Eit element har knastar både over og under, for å lettare bygge i hop med andre element. På første høgda må me skjere vekk alle knastane som blir liggande ned mot såleblokka. I tillegg må det leggast armering. So no vil det begynde å likne eit hus framover!

22 JULI


Mens me venta på masse, vart det begynt å grave litt djupare der som garasja skal stå. Då kom me over litt historie. Dei første vassrøra som vart lagde på garden: vassledning i tre! Men når den vart oppdatert vart plastrøret tredd inn i trerøret.

22 JULI







21 og 22 Juli vart resten av botnledningane dekt av singel. Allt av drens rundt huset vart ferdig. So no er kloakk, vatn, telefon, jording gravd ned.



Bak huset har vi to drens til i tillegg til den som ligg tett attmed husveggen. Har ein i samband med støttemuren. Me grov ei stor grøft mellom desse drensane for å legge ned vassrør, jording og rør til straum til garasja. Og når der allikavel var oppgreve, kunne me like gjerne lage til drens her også. Med tanke på at bak huset er det ein stor bakketopp med mykje vatn som siv gjennom jorda, er det greitt å få drenert vekk mest muleg vatn. Tilsammen skal vi ha 3 sandfangerkomer, den første ligg til venstre for huset, der som den minste delen av støttemuren begynner, den andre blir mellom huset og garasja (i bakkant) og den siste blir framme til høgre for garasja.

mandag 19. juli 2010

19 JULI




Fylte på med mold bak den minste delen av støttemuren, so no e her også klar til såing. Det grønkast allereide over den største delen!



Nesten alt av botnledningar vart dekt med grus, har igjen å legge ned vassledninga.
Vil selfølgeleg rette ei Stoor takk til pappa, som også hjelper til under heile byggeprosessen, og som forresten har 30 års bryllaupsdag i dag! Gratulere :)





16 JULI



14 Juli begynte vi å legge botnledningane, stor takk til onkel Odd (rørleggar), håpa du nyter ferien din.


15 Juli kom alt av veggelement frå Vartdal Plast (alt det grå som ligg ned med husveggen), me var 3 stk + sjåføren og det tok oss 45 minutt å tøme bilen. Takk til min bror Kim som har hjulpet oss stort.


98 element Vartdal veggsystem 350 STD.


50 element Vartdal veggsytem 350, 90Gr. hjørne.


80 element Vartdal Veggsystem 350 tett m/ utsparing.


8 element Vartdal Veggsytem 350, 45 Gr. hjørne.


lørdag 10. juli 2010

9 JULI - Såleblokka vart støypt!


Støypinga vart gjort unna på ca. 1 time. Armering vart satt ned på høykant for å sikre at veggane skal stå fast i såleblokka. Denne armeringa hadde vi ikkje trengt å hatt med sidan vi bygger over bakkenivå og ikkje skal ha tilbakeføring av masse inntil veggane. Men men man kan aldri vere for sikker :)

7 og 8 JULI - Klargjering for støyping av såleblokka


Karnappa vart laga, armering vart lagt på plass og nøye oppmåling vart gjort med god hjelp frå familien. Takk skal dokke ha!

6 JULI - Utlegging av såleblokk




Såleblokka frå Vartdal Plast var veldig enkel og grei å legge ut. Men vi skulle gjerne ønske at dei leverte ferdige hjørner. Men med ei vanleg handsag var hjørna veldig enkle å få til sjølv!



2 JULI - Avretting


2 Juli begyndte vi å avrette. Såleblokka vart også levert idag. Den hyggelege sjåføren frå Vartdal Plast leverte såleblokka heilt inntil hustomta.